søndag 28. desember 2008

Romjulsrock

.

1. juledag hadde vi reunion for Strynerussen 2003, kjempekjekt å møte igjen folk eg ikkje har snakka med eller sett på evigheter! Trur vi burde gjere det til ein årleg tradisjon for å klare å halde kontakta. Eg har blitt fryktelig dårleg på å ta bilder i det siste, men veit det var mange andre som gjor det, så gler meg (?) til å sjå dei. :) Var ikkje berre-berre å kome seg heim frå Jennis, så det vart ganske seint før eg kom meg i seng. 2. juledag vart difor ein redusert dag og rolig kveld med kjæresten.


3. dag hadde vi tradisjonen tru tenkt oss på Alexandra i lag med resten av Nordfjord si befolkning. Men av ein eller annan grunn har ingen av oss kome på at vi måtte ha billettar, og vi vart difor sittande heime med våre respektive familiar. (Note to self: Kjøp billettar tidleg neste år!) Min kjære og eg inviterte difor to av mine søskenbarn Monica og Carina + kjæresten Torbjørn på vinkveld. Vi hadde det kjempekoselig, ei meir enn fullgod erstatning for å springe rundt i gangane på hotellet. ;) I dag blir det familieselskap her heime, jula er ikkje den same utan. :)
.

1 kommentar:

  1. awwww så kjedelig at dere gikk glipp av alexandra, men hørtes like så koselig +++ å være hime med gullgutten din og noen venner:). Håper du koser deg masse i romjula snuppa :)
    miss you!
    KoOz

    SvarSlett