måndag 15. desember 2008

Jula nærmar seg

.
I dag har det blitt enda meir baking, og eg har begynt so vidt på innpakkinga av julegåvene, men viktigast av alt; eg har fått skrive ferdg julekorta og sendt dei avgårde. Kanskje havnar eit av dei i ei postkasse nær deg? ;)


Eg er enno ikkje heilt ferdig med julegåvene, verken til andre eller meg sjølv. Har fått pengar til å kjøpe julegåver til meg sjølv frå mamma & pappa som synast det er enklast å gjere det slik. ;) Eg syns det er veldig greit å få bestemme litt sjølv, og det er no kjekt å opne gåvene sjølv om eg veit kva eg får. Men sjølvsagt er det mest spennande å få gåver ein ikkje har peiling på kva er. Eg gledar meg til juuuuul.

Syns du det er greit å vite kva du får til jul?
Eller vil du at alle gåvene skal vere hemmelege fram til julafta?
.

4 kommentarer:

  1. Eg vil ikkje vite kva eg får til jul:)
    Mykje betre å bli overraska av julenissen på julafta:)

    SvarSlett
  2. det er jo greit med litt spenning, men eg pleie ofte å vere med på innkjøp av mine egne julepresangar..iallefall dei eg får av mamma og pappa og besta:)

    SvarSlett
  3. Anonym: Er du sikker på at nissen finst då? :)

    SvarSlett
  4. Karoline: Samme her :) Greit å få nåke en trenge eller ønska seg òg :)

    SvarSlett